No når sumaren er på komen tenkte vi det var på tide med nokon slanketips. Jada, desse skulle vi ha komen med for lenge sidan, men sidan varmen hadde bestemt seg for å vente, gjor vi det og. No er han forhåpentligvis rett rundt hjørnet, så no er det på tide at vi og kjem på bana.
1. Trening er lurt å gjere hvis du vil ha ein slank og flott sumarkropp. Men før du trenar må du sjølvsagt ete sjokolade, slik at du har noko og trene vekk. Så trener du akkurat slik du vil (men pass på; trenar du for hardt, kan du fort bli sliten). Når du er ferdig med treningsøkta, kan du godt unne deg ein sjokolade eller kanskje litt milkshake, sidan du har vore så flink :)

- Det er altså viktig å belønne seg sjølv når du har gjort noko bra.
2. Visste du at hvis du et is, så legg du ikkje på deg. Det er fordi kroppen brukar energi på å varme opp isen, og dermed forbrenn du det du et.

- Du kan altså ete is med god sjølvkjennsele.
3. Om sumaren er grillfestar ein viktig del av dei sosiale samenkomstane. Men sjøv om du får dårleg sjølvkjennsle for at du et mykje usunn mat... Så berre ta med ein salat!

- Det skal med andre ord ikkje så mykje til for å "sunne opp" eit usunt måltid!
(Alle biletane frå Google)
Så moralen i desse tipsa er: DU ER FIN AKKURAT SOM DU ER OG TRENG IKKJE Å SLANKE DEG!
- helsing Monika & Therese